Åkre Gard thumbnail

Åkre Gard

Drikke

Trea på Åkre og Måge står rakrygga gjennom årstidene – eit bilete på styrken, uthaldet og stoltheita til gardane og folket som har dyrka jorda her gjennom generasjonar.

Frå dei første bøndene som planta dei første epletrea, til dagens drift ved Arita og Gjermund Åkre, har frukta og naturen alltid vore kjernen i arbeidet. Garden omfattar i dag både Åkre og Måge, og her veks om lag tolv ulike eplesortar, i tillegg til plommer, morellar og kirsebær. Alt blir dyrka med omsorg – og vidareforedla til unike drikker som ber landskapet i seg.

Eit utval av fruktene blir til sideren Edel og drikkene Blaane, Fylgje og Løynd – produkt med smaken av Vestlandet og historia til gardane i seg.

Edel har fått namnet sitt til ære for dei edle kvinnene i garden si historie. Utan arbeidet, styrken og visjonen deira hadde det ikkje vore nokon gard å driva vidare. Dei fortener eit namn som speglar arven dei har gitt vidare.

På Åkre Gard held vi fram med å dyrka og foredla med same respekt for naturen og historia som generasjonane før oss. Med tradisjonen som fundament og framtida i blikket skapar vi smakar med røter.

Kontaktinformasjon

Omtaler

Logg inn for å skrive en omtale.

Ingen omtaler ennå. Bli den første!